All posts by guy

Årsmelding 2023

Årsmelding for perioden 31.03.23 – 11.03.2024
Det har i perioden vore halde 5 styremøter og 1 årsmøte der det vart handsama 1 sak.

Styret har i meldingsperioden vore samansett slik
Leiar: Jan Øvrebø.
N. leiar: Tor Hauge.
Sekretær: Guy Steffen Brun.
Kasserar: Odd Vidar Vigdal.
Styremedlem: Henry Talle.
Vara: Kjell Neset.
Vara: Svein Hatlevoll.
Revisor: Svein Døsen Per Høyheim.
Sosialkomite: Torfinn Watten, Helge Steig.
Valkomite: Jo Bukve, Torfinn Watten.

Oppsummering av arbeidsåret
Det har vore gjennomført dugnad 1.april 2023 med bra frammøte.
Medlemmene har vore flinke til å sjå over hamna og parkanlegget så det har vore ryddig og triveleg heile sesongen.

Sluttord
Styret vil få takke medlemmer for god innsats og samarbeid og så ser vi alle fram til ein ny båtsesong.

Oppdatert informasjon

Det er lagt ut ny og oppdatert infomasjon for medlemmer. Dersom du ikkje har passord når du blir spurd om brukarnamn og passord kan du gå til gløymt passord og be om nytt. Bruk e-post adressa di i brukarnam feltet.

Årsmelding 2021

Det har i årsmøteperioden vore halde 1 årsmøte der det vart handsama 12 saker. På grunn av coronasituasjonen har det dette året ikkje vore halde formelle styremøter. Arbeidet har likevel vorte ivareteke igjennom telefonkontaktar og uformelle møte.

Styret har i meldingsperioden vore samansett slik:

Leiar:    Jan J Øvrebø.
leiar: Tor Hauge
Sekretær: Kjell Neset.
Kasserar:  Odd Vidar Vigdal.
Styremedlem:  Henry Talle.
Vara :      Guy Steffen Brun.
Vara:       Svein Hatlevoll.
Revisor: Svein Døsen   Per Høyheim
Sosialkomite: Torfinn Watten, Helge Steig,
Valkomite: Jo Bukve, Torfinn Watten.

Oppsummering av arbeidsåret:

Montering av utriggarane på den nye brygga har vorte utført av laget sine eigne medlemmer og denne delen av anlegget er teke i bruk. Det står att litt arbeid med montering av vatn og straum og dette vil bli gjort i -22.

Det har vorte arrangert dugnad med godt frammøte der hamna vart gjort klar til sesongen.

Medlemmene har vore flinke til å sjå over hamna og parkanlegget så det har vore ryddig og fint heile sesongen.

Sluttord: Styret vil få takke medlemmene for god innsats og samarbeid og så ser vi alle fram til ein ny båt sesong.

Årsmelding 2022

På grunn av sjukdom vart det ikkje halde årsmøte våren 22. Valnemda hadde ein runde der dei kontakta alle som var på val og alle tok attval så drifta av laget har gått som vanleg.

Året i båtlaget har vore som vanleg utan dei store utfordringane. Dugnadsdagane har vorte avvikla med god innsats frå medlemene. Anlegget har fungert slik som det skal. Hamna har vorte mykje brukt både av medlemmer og av besøkande, og vi ser at anlegget er vorte ein mykje brukt badeplass.  I det heile har det vore eit normalt arbeidsår for båtlaget.

Nrk – Nyhende frå Vestland

  • 19. plass på Botn
    den mars 6, 2026 kl 6:40 pm

    Johan-Olav Botn frå Stårheim i Nordfjord kom på 19. plass på 20-kilometeren i Kontiolahti. Han hadde tre bom. Franske Éric Perrot vann etter ein duell mot Sturla Holm Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen. – Eric leverte i dag, eg hadde ikkje moglegheit å slå han i dag. Han gjekk fort og skaut bra. Han fortente det i dag, seier Botn til NRK etter rennet.

  • Se Vestlandsrevyen klokken 19.30
    den mars 6, 2026 kl 6:25 pm

    Folk i Tysnes er splittet etter at det ble det kjent at kommunestyret stanser det omstridte prosjektet med nytt svømmebasseng på Onarheim. Programleder er Christel Higraff.

  • Brann sløkt i bufelleskap i Bergen
    den mars 6, 2026 kl 6:05 pm

    Det har brunne i eit kjøkken på eit bufelleskap i Lien på Gyldenpris. Det var tilsette på bufelleskapet som sløkte brannen, og alle kom seg ut. Helsepersonell drar til staden for å undersøke om det står bra til med alle.

  • Bergen legevakt evakuert etter falsk alarm
    den mars 6, 2026 kl 2:53 pm

    Legevakta i Bergen vart evakuert etter at nokon trykka på ein brannalarm-knakk. No kan alle gå inn att. Det er ikkje brann på staden, melder politiet.

  • Stabil søking til VGS i Vestland
    den mars 6, 2026 kl 2:18 pm

    21.593 unge har søkt VGS-plass i Vestland for neste skuleår. Det er rundt 300 fleire enn i fjor. 60,5 prosent har yrkesfag som primærønske. I fjor var det 60,3 prosent. I stor-Bergen har 55 prosent yrkesfag som primærønske.

Sikring av båten

Alle båtplasseigarar har ansvar for at båten er godt bundet i båtplassen. Det skal nyttast gummi strekkavlastarar mellom båt og utriggar. Dette for å skåne anlegg og båt. Det er også viktig at riktig tauverk er valgt i.h.til båtstørrelse.