Høyheimsvik Båtlag vart skipa 07.05. 2013 av 28 båtentusiastar. Men planane for båthamn på Høyheimsvik er ikkje av ny dato. Alt på 1980-talet var det planar om å etablere ei båthamn på «Bukti» på Høyheimsvik, men desse planane vart ikkje sett ut i livet. Så i 2006 vart Nes og Høyheimsvik bygdelag skipa og eit av dei satsingsområda som bygdelaget hadde, var å få i stand ei båthamn. Arbeidet vart drive ved at det var valt ei eiga gruppe i bygdelaget som tok seg av dette. Gruppa arbeidde opp mot kommunen for å få området regulert til formålet, samstundes vart det arbeidd opp mot grunneigarar i området for å få til ein leigeavtale. Kommunen la fram reguleringsplanen for området for kommunestyret i 2008, der det vart regulert eit område til privat båthamn, samstundes vart det inngått avtale med grunneigarar i «Bukti» om leige av grunnen.

Arbeidet vidare var å skaffe finansiering, få prosjektert hamna, inngå avtale med entreprenør, og inngå avtale med leverandør av hamneanlegg. Det viste seg at dette vart eit stort og omfattande prosjekt, og difor vart Båtlaget utskilt som eige lag med eige styre, eigen økonomi og eigne vedtekter.

Det var også mykje arbeid med å få på plass dei nødvendige løyver frå kommune og andre offentlege organ. Etter at alle løyve var på plass kunne me endeleg setja i gang med bygginga og hamna var klar til bruk i starten juli 2014.