Vedtekter for Høyheimsvik Båtlag.
Vedtekne på skipingsmøte 7 Mai 2013. Endra på årsmøtet 27.02.15. og 16.03.17. og 15.03.18.
- Høyheimsvik Båtlag er ein interesseorganisasjon som skal arbeide for å fremje båt interessa, samt arbeide førebyggjande for å betre sjø, båt, og symjeopplæring. Båtlaget skal arbeide for å byggje og drifte båthamn på Høyheimsvik.
- Ein er eigar av båtplass frå det tidspunktet kontrakts summen og årskontigent er innbetalt til Høyheimsvik Båtlag,- og til kjøpar seier opp avtalen skrifteleg.
- Eigar av båtplass disponerer tildelt, nummerert båtplass i båthamna, og vidare nytta dei fellesanlegg som båtlaget eig, samt disponerer.
- Alle som har betalt kontrakts summen, fastsett årskontingent og uforutsette utgifter er medlemmer av Høyheimsvik Båtlag.
- Eit medlem har rett til å leige ut båtplassen sin til andre, under føresetnad av at styret i Båtlaget er skiftelig informert. Eigar er juridisk ansvarleg overfor båtlaget.
- Eit medlem kan ikkje selja båtplassen sin til andre. Alle ledige båtplassar skal gjennom styret i Båtlaget stillast til dispensasjon for personar som, skrifteleg har meldt si interesse gjennom å sette seg på venteliste for båtplass. Båtplassen kan fritt overdragast til ektefelle, til eigarens eller ektefelles slektning i rett opp- eller nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving og til søsken eller nokon annan som dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Ved sal av bustad kan båtplassen fritt overdragast til den nye eigaren av bustaden. Ved eventuell utviding av hamna skal eksisterande båtplasseigerar ha fortrinnsrett på val av båtplass.
- Ved eventuelt sal av båtplassen skal eigar ha utbetalt verdien av båtplassen på det tidspunkt salet vert ordna. Båtlaget legg her til grunn verdistiginga som fylje av generell prisstigning, men også nedskriving av forbruksmateriell. Sal kan berre gjennomførast dersom det er personar på venteliste.
- Styret i Båtlaget skal ha:
- Leiar.
- N-leiar/Dugnadsansvarleg.
- Kasserar.
- Skrivar.
- Styremedlem
- 2-vararepresentantar til styret.
- 2 revisorar
- Valnemnd på 2 personar.
- Årsmøte i Båtlaget skal haldast innan 1 mars kvart år.
- Årskontigent skal delast i to fakturaer og betalast innan 15 mars og 15 september.
- Alle medlemer pliktar å delta med dugnadsinnsats. I fall tidspunktet eller andre tilhøve gjer det umogeleg å delta, må båtplasseigaren betale ein sum fastsett av årsmøtet i Høyheimsvik Båtlag.
- Grunneigarane på Bukti har rett til ein båtplass kvar. Er det ikkje ledige plassar vil dei stå fremst på venteliste til båtplass.
- Som medlem i båtlaget pliktar alle, aktivt og lojalt, å ta vare på laget sitt felleseige, det området som vi disponerer på Bukti, samt å følgje vedtekter, kontraktar og dei vedtak som Båtlaget gjer.