“GRATULERA MED DEN FLOTTE BÅTHAVNA”

Det vart ei tilnærma perfekt ramme rundt opninga av Viki Marina fredag 14. mai. Sola skein frå skyfri himmel, festdeltagarar i alle aldra strøymde til – både til lands og til vanns – og både grillmat, kaffi og kaker fekk etter kvart bein å gå på. Dei med dei aller kortaste beina, stilte seg sporenstreks opp «Elias»-båtkøen, medan dei vaksne naut utsynet mot Feigumfossen, den nye båthamna og båtane som hadde teke plass der – eller rett og slett slo seg ned for å nyte den nydelege mai-dagen på Vikji.

Ein av dei aller blidaste gjestene var sjølvaste ordføraren, Ivar Kvalen. Han var i intet mindre enn strålande humør og sjenerøs med både kompliment og humoristiske innslag, då han skulle sei eit par velvalde ord før den offisielle opninga.

«Aller fyrst vil eg takka for at eg vart invitert. Og so vil eg sei at det er modig gjort å invitera ein fjellbonde til å opna ein småbåthamn», opna han, før han fortsette med å snakka om mangfaldet og ytterpunkta i kommunen vår – frå ein meter snø på Veitastrond til spirande fruktblomstring langs fjorden – på ein og same dag.

«Men oss imellom sagt, trur eg knapt nok det finst ein finare stad i kommunen vår, enn i frå Nes og innover fjorden på denne tida av året. Blomstrane på epletrea og lambi til han Kjetil som spring om kapp med bilane.. Det er nesten som ein blir blank i augene», smilte han, før han konkluderte med at det likevel finst fellestrekk for alle dei små bygdene i Luster kommune, trass det store mangfaldet:

«Det er ein ting som er felles for alle desse plassane. Nemleg at det finst nokon som klaskar henda saman, og seier «dette skal me få til»! Eldsjeler og pådrivarar, som skapar stader og arenaer for fellesskapet. Ein slik stad har de fått her no», sa ordføraren og fullførte opninga av båthavna med følgjande ord:

«Gratulera so mykje med den flotte båthamna»!

– Tekst: Camilla Øvrebø