Nrk – Nyhende frå Vestland

  • Skjøt med luftvåpen fra bil i Gloppen
    on September 28, 2023 at 10:24 pm

    Politiet fikk torsdag kveld melding om en person i bil som skjøt med luftvåpen mot en annen bil i Gloppen ved Sandane. Ingen personer er skadd. – Politiet har rykket ut og har funnet den aktuelle bilen. Det er kontroll på personene i bilen, som er ungdommer i tenårene, melder Vest politidistrikt.

  • Sjå Vestlandsrevyen 23.00
    on September 28, 2023 at 8:46 pm

    Ungdomskriminaliteten aukar på Askøy og i Øygarden. Politiet er uroa over utviklinga. Programleiar er Jan Børge Leirvik.

  • Går frå Bjørnafjorden til same jobb i Alver
    on September 28, 2023 at 7:09 pm

    Christian Fotland blir kommunedirektør i Alver, avgjorde kommunestyret torsdag. Det melder avisa Nordhordland. Han har no same stilling i Bjørnafjorden kommune, og har også vore rådmann i Radøy. Fotland overtar etter den omstridde kommunedirektøren Ørjan Raknes Forthun. Også avtroppande Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb hadde søkt stillinga.

  • Viste vekk aggressiv mann frå Haukeland sjukehus
    on September 28, 2023 at 6:14 pm

    Politiet har vist vekk ein aggressiv mann frå Haukeland sjukehus, melder Vest politidistrikt. Mannen skal ha stole antibakteriell handsprit frå ein dispenser på Haukeland sjukehus, og rusa seg på dette. Mannen skal ha blitt aggressiv då ein vektar på sjukehuset konfronterte han. Politiet kom til staden og fekk kontroll på mannen. Vektaren melder saka til politiet.

  • Sjå Vestlandsrevyen 19.45
    on September 28, 2023 at 5:30 pm

    Søstrene gifta seg samtidig, og feirar no sølvbrudlaup i lag. Sjå også at hundrevis av demningar må forsterkast på grunn av råare klima. Programleiar er Jan Børge Leirvik.