• E16 Onstadtunnelen opna etter stenging
    on July 29, 2023

    Vegtrafikksentralen vest skriv på Twitter at Onstadtunnelen på E16 i Aurland er opna for fri ferdsel.

  • Tunnel på E16 i Aurland stengt
    on July 29, 2023

    E16 Onstadtunnelen i Aurland er stengt, melder Vegtrafikksentralen vest. Årsaka til stenginga er at betong har ramla ned frå tunnelvegg og tunneltak. Det er usikkert når tunnelen vil opne igjen. Entreprenør er på veg.

  • Lauslaten etter blodig slagsmål
    on July 29, 2023

    Mannen som vart arrestert etter knivslagsmålet på Vågsallmenningen fredag kveld, er no lauslaten. – Politiet har ikkje funne grunnlag for å framstille sikta for varetekt. Han blei lauslaten etter avhøyr, seier jourhavande politiadvokat Lasse Solheim. Personen som blei skadd i hendinga skal ikkje vere livstruande skadd.

  • Gult farevarsel om lyn
    on July 29, 2023

    Yr har sendt ut farevarsel om mykje lyn for delar av Vestlandet i ettermiddag og kveld. Det vil vere lokale forskjellar til kvar det lynet vil råke mest, og nokre område på Vestlandet vil truleg ikkje oppleve noko av det. Vakthavande meteorolog Siri Wiberg seier til NRK at det er vanskeleg å seie kor omfattande dette vil bli. Gult farevarsel er også det lågaste nivået av farevarslingane. Hittil i dag har Yr berre registrert eitt lynnedslag. Statsmeteorolog Wiberg fortel at ein truleg vil sjå dei fleste nedslaga i 20-tida laurdag kveld. Tidsperioden for farevarslinga er over klokka 22.

  • Fråteken førarkort etter trafikkulukke
    on July 29, 2023

    Bilføraren i trafikkulykka mellom ein bil og MC i Knarrvika på RV555 Skjergardsvegen på Sotra har blitt beslaglagt førarkortet. Grunnen er mistanke om brot på vikeplikta. Motorsyklisten skal ha blitt kasta bortimot 50 meter bortover vegen, men er ikkje alvorleg skadd. Han er sendt med ambulanse til akuttmottaket på Haukeland. Det er blitt oppretta sak, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet.