Nrk – Nyhende frå Vestland
- Kajakkpadlar sakna på Askøy – funnen i god behaldden mai 15, 2025 kl 6:58 pm
Ein kajakk var sakna ved Askøy utanfor Bergen. Kajakkpadlaren var i følge med to andre kajakkpadlarar, og var iført gul flytedrakt. Det vart sett i verk redning/søk etter vedkomande. – Vi har brannbåten Sjøbrand på veg. Luftambulansen vil søke og vi har brannressursar på land, sa vaktkommandør Helge Lund ved 110 Vest. I tillegg var det ei redningsskøyte med i søket. Sakna blei funnen i god behald på eller ved land. Det hadde vore ei misforståing.
- Set inn fleire ekstra skogbrannhelikopterden mai 15, 2025 kl 6:28 pm
Det blir sett inn fire ekstra skogbrannhelikopter i beredskap på Austlandet og Vestlandet, melder DSB etter ei ny vurdering torsdag. Det blir to ekstra helikopter i Sand i Rogaland, et på Hamar i Innlandet og et på Geiteryggen i Telemark. I tillegg kjem det faste helikopteret på Geiteryggen. Grunnen til den auka beredskapen er at det er meldt om område med fare for gras- og lyngbrann i perioden fram til måndag 19. mai. Atle Røed ved 110 Innlandet er bekymra for kva som kan skje dei næraste dagane. – Det er veldig tørt overalt, og det er mykje vind. Det er ikkje spådd noko nedbør i nær framtid, seier Røed.
- Brann vann 3–0den mai 15, 2025 kl 5:57 pm
Brann vann 3–0 mot Stabæk på heimebane i toppserien. På heimebane var det Signe Gaupset som stod for dei to første måla, etter 25 og 34 minutt. Dermed stod det 2–0 til pause. Brann heldt fram med å briljere, og det siste målet var det Lauren Davidson som sikra. Skotten sette ballen i mål frå kloss hald.
- Tertnes er klare for handballfinaleden mai 15, 2025 kl 5:51 pm
Tertnes slo Sola 35–27 på bortebane og dermed er dei klare for sluttspelfinale. Dette etter dei vann den tredje og avgjerande semifinalen i sluttspelet. Dei møter Storhamar i finalen. – Det er heilt surrealistisk. Eg hadde trua på oss heile vegen, men er det faktisk realitet. Det er heilt sinnssjukt, no på slutten av ein ordentleg god sesong, seier Henriette Espetvedt Eggen til NRK etter kampen. – Dette synest eg me fortener, så det er utruleg gøy, seier ho.
- Sjå Vestlandsrevyen 19.45den mai 15, 2025 kl 5:36 pm
I dag fall dommen i saka der ei mor sto tiltalt for grov mishandling sonen sin. Mora er frifunnen, trass i at guten levde isolert i Bergen i 15 år. Programleiar er Jan Børge Leirvik.