Det er lagt ut ny og oppdatert infomasjon for medlemmer. Dersom du ikkje har passord når du blir spurd om brukarnamn og passord kan du gå til gløymt passord og be om nytt. Bruk e-post adressa di i brukarnam feltet.
Fyll inn informasjon i skjema under for å registrere deg på dugnaden.
Det har i årsmøteperioden vore halde 1 årsmøte der det vart handsama 12 saker. På grunn av coronasituasjonen har det dette året ikkje vore halde formelle styremøter. Arbeidet har likevel vorte ivareteke igjennom telefonkontaktar og uformelle møte.
Styret har i meldingsperioden vore samansett slik:
Leiar: Jan J Øvrebø.
leiar: Tor Hauge
Sekretær: Kjell Neset.
Kasserar: Odd Vidar Vigdal.
Styremedlem: Henry Talle.
Vara : Guy Steffen Brun.
Vara: Svein Hatlevoll.
Revisor: Svein Døsen Per Høyheim
Sosialkomite: Torfinn Watten, Helge Steig,
Valkomite: Jo Bukve, Torfinn Watten.
Oppsummering av arbeidsåret:
Montering av utriggarane på den nye brygga har vorte utført av laget sine eigne medlemmer og denne delen av anlegget er teke i bruk. Det står att litt arbeid med montering av vatn og straum og dette vil bli gjort i -22.
Det har vorte arrangert dugnad med godt frammøte der hamna vart gjort klar til sesongen.
Medlemmene har vore flinke til å sjå over hamna og parkanlegget så det har vore ryddig og fint heile sesongen.
Sluttord: Styret vil få takke medlemmene for god innsats og samarbeid og så ser vi alle fram til ein ny båt sesong.
På grunn av sjukdom vart det ikkje halde årsmøte våren 22. Valnemda hadde ein runde der dei kontakta alle som var på val og alle tok attval så drifta av laget har gått som vanleg.
Året i båtlaget har vore som vanleg utan dei store utfordringane. Dugnadsdagane har vorte avvikla med god innsats frå medlemene. Anlegget har fungert slik som det skal. Hamna har vorte mykje brukt både av medlemmer og av besøkande, og vi ser at anlegget er vorte ein mykje brukt badeplass. I det heile har det vore eit normalt arbeidsår for båtlaget.
Politiet brukte peparspray for å få kontroll på ein truande person på Nedre Korskirkeallmenning i Bergen. Dei fekk melding om at vedkomande verka veldig sint, og trua med å sparka og slå til forbipasserande i 11-tida. Mistenkte blir køyrt til legevakta, melder politiet.
Ein mann i 50-åra blir i dag framstilt for varetektsfegnsling. Mannen skal siste tida ha vore innblanda i ei rekkje forhold, som valdsepisodar, tjuveri, truslar og skremmande framferd. Måndag skal han ha stole og kasta ting rundt seg på eit apotek. Han vart seinare på dagen arrestert etter ei ordensforstyrring under Palestina-demonstrasjonen i Bergen. – Han var då i ein situasjon der han fekk demonstrantane si merksemd. Patruljen følte at dei måtte gripe inn for at situasjonen ikkje skulle eskalere noko vidare, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.
To menn i 30-åra er dømde for å ha skote kvarandre i Hollendergaten i Bergen sentrum i desember 2022. Begge er dømde til fengsel i eitt år og fem månader, skriv Bergens Tidende. Dei skaut kvarandre i kneet, etter ein konfrontasjon mellom dei på ein utestad, ifølgje dommen frå Hordaland tingrett. Den eine mannen hadde med seg ein pistol, og den blei først brukt av den eine og deretter av den andre. Ein av dei dømde vil anka saka til lagmannsretten.
Ved utgangen av fjoråret fekk 148.000 personar arbeidsavklaringspengar (AAP). Andelen unge mottakarar av AAP eller uføretrygd er aukande, viser nye tal frå SSB. Ved utgangen av 2023 fekk 148.000 personar arbeidsavklaringspengar. Tal frå SSB viser at talet har stige årleg sidan 2019, frå 114.100. Ein stor del av dei som får arbeidsavklaringspengar i alderen 18 til 20 år har ikkje fullført vidaregåande skole og dei kjem oftare frå hushald med låg inntekt, skriv SSB.
Meteorologisk institutt melder om snømengder mellom 5-15 centimeter i morgon. Snøgrensa vil ligge på 300-600 meter. Instituttet rår bilistar til å berekne «noko ekstra tid til transport og køyring». – Bruk rette dekk og køyr etter forholda.
Alle båtplasseigarar har ansvar for at båten er godt bundet i båtplassen. Det skal nyttast gummi strekkavlastarar mellom båt og utriggar. Dette for å skåne anlegg og båt. Det er også viktig at riktig tauverk er valgt i.h.til båtstørrelse.